Norsk English Deutsch
   
     
       
 
   

Historien.

Staupstunet eller Staup, som garden heiter er eit gamalt og kjent gardstun som ligg ved Løno på Voss. Bygningane på garden ligg på rekkje og vert difor kalla eit rekkjetun. Dei fleste er frå 1700-1800 talet.
 
Då  me (Synnøve og Geir) fekk kjøpa garden i 2005 hadde det ikkje budd folk der sidan 1970 talet og alle dei 8 bygningane stod til nedfalls.
 
Me har no restaurert garden hus for hus , og det siste huset Løa, stod ferdig våren 2016. Alle husa er prøvd tilbakeført til ein tilstand mest mogleg slik det opprinneleg var.
 
Stovehuset og Kårahuset på tunet vert nytta til utleige og har høg og god standard.
Løa er omgjort til gildehall/selskapslokale og er populær som leige til ulike samkomer.

Ynskjer dykk alle velkomne til "overnatting i eit særprega miljø i levande gardshistoriske og fredelege omgivnader på Staupstunet!"


 
 
          Rediger