Overnatting

Staupstunet tilbyr overnatting i gardshus frå 1800 og 1900 talet.

Stovehuset og Kårhuset på garden er på mange måtar lik slik dei var då dei vart bygde, men har og høg og god standard.  

KÅRHUSET

Kårhuset er frå år 1900 og vart restaurert i 2012. Tømmerveggane er bevart i delar av huset, elles består huset av måla panel som gjev ein lun og koseleg atmosfære. Her får du kontakt forgangen tid samtidig som du nyter godt av vår tids godar. 
Huset har 8 sengeplassar fordelt på to etasjar og to soverom. Bad med dusj og WC, kjøkken med komfyr, kjøleskåp med frys, oppvaskmaskin og kaffitraktar. Stove med TV og vedomn. Vaskerom med vaskemaskin.
Soverom 1: To familiekøyesenger (90x200 cm + 150x200 cm / 180x200 cm)
Soverom 2: Ein dobbeltseng (150x200 cm)
Entré i 2. etg: Ei enkeltseng (90x200 cm)

STOVEHUSET

Stovehuset er frå kring 1850 med årestova som vart bygd noko tidlegare. Restaurert med påbygg av bad og kjøkken i 2013. Tømmervegger i alle rom og ein lun og sjarmerande stil. To etasjar, to soverom, totalt 10 sengeplassar, bad med WC, dusj og vaskemaskin.
Soverom 1: Dobbeltseng (150x200 cm)
Soverom 2: To familekøyesenger (90x200 cm + 150 x 200 cm) og to enkeltsenger (90x200 cm)

PrisAR 
Opp til 4 personar, kr. 1 600,- per hus per natt
Over 4 personar kr. 2 500,- per hus per natt
Sengklede kan leigast for kr. 150,- per sett
KONTAKT

​​911 03 016

post@staupstunet.no​
 

www.staupstunet.no

Besøksadresse:

Staupstunet har ingen gateadresse. Avkjørselen til Staupstunet ligger vis a vis Smalahovetunet som har adresse: Strandavegen 785, 5710 Skulestadmo. Der følger ein grusvegen oppover nokon svingar, over ei bru og heilt til ein ser grinda inn til tunet. 

Navn *

E-post *

Emne

Melding

  • Black Facebook Icon
  • Black Instagram Icon

© Staupstunet